2008-08-17
Resultata frå samlagsmeisterskapen på bane 2008.
Les resultata her..


2008-06-24
Britt
Ungdomsutvalet ynskjer deltakarane, og spesielt ungdommane, lukke til med skytinga under Midt-Norsk no til helga (26-29 juni. Underteikna blir å treffe på kjøkkenet på Eidsåtun. Håper dokke stikk innom, så eg blir oppdatert på kva som skjer på banene. Tysdag 01. juli blir siste skyting for aspirantane før ferien. Vi startar opp att tysdag 19. august.


2008-06-06
Skytetidene på landsdelkretsstemnet bane.


2008-06-06
13 påmelde til landskyttarstemnet.
Fristen er ute, og desse skal vere med i år : Arnstein Ose, Arthur Ose, Wictor Kolås, Kristoffer Vartdal, Mari Wallin, Arne Nystøl, Eirik Foldal, Knut Riise, Anita Lystad, Torill Lystad, Trond Petter Lystad, Thor Inge Grebstad, Robin Andre Grinde.


2008-06-02
Vaktlista for Sollidalsstemnet.


2008-05-02
Asb
VAKTLISTE I SOLLIDALEN
Vaktlista for sommaren og hausten er klar
Les den her.


2008-05-12
Britt
Ungdomsutvalet si vaktliste fram til 1. juli.
Les her.


2008-05-11
asb
Landsdelkretsstemne på bane 2008.
Les innbydinga her.


2008-05-11
Kjell
17 mai No nærmar det seg fort 17 mai igjen, og vi må gjere som i fjor, delta i folketoget. Vi hadde god oppslutning sist, lat oss få til minst like god i år. Vi har teke vare på banneret som Britt laga. Har i skrivande stund ikkje sett noko program om tidspunkt når det startar, men følg med i lokalavisa og still opp.


2008-04-24
PÅMELDING TIL MIDT-NORSK
Påmeldingsfristen er 26 mai.Dei som skal melde seg på tek kontakt med Kjell Foldal


2008-04-16
Landskyttarstemnet 2008 Førde 25. juli - 2. august.
Tida går fort, og det nærmar seg LS igjen. I år når det er så nær oss som det kan bli, så må vi kunne vente ekstra stor påmelding. Det er faktisk muleg for den som måtte ville det å ta det som ein dagstur. Fristen for dei som skal på skyttarcamp er allereide 1. mai. Sjå ellers på DFS sine heimesider for alternative overnattingar og prisar. Kan alle som har tenkt seg til Førde melde frå til leiaren, og aller først dei som skal ha skyttarcamp. Vi må sende samla innbetaling.


2008-04-15
EIRIK FYLKESMEISTER I FELT Les meir her..


2008-04-15
Britt
ASPIRANTSTEMNE Tirsdag 22/4 blir det Aspirantstemne på Miniatyrbana.Alle som har gått på skyteskulen i år er hjarteleg velkomne.


2008-03-30
FINE PLASSERINGAR I SAMLAGSSTEMNET I FELT
Thor Inge vann juniorklassen
Robin Andre vann rekruttklassen.
Eirik nr. 3 kl. 2-5.
Sjekk resultata her.


2008-03-27
Britt
Aspirantskytinga på miniatyrbana vil halde fram kvar torsdag ut april.


2008-03-27
Britt
SOMMARSKYTESKULE PÅ MERÅKER
Les meir her.
Har du spørsmål?
Kontakt Britt tlf. 995 96 830


2008-03-17
Felles jakke for skyttarar i samlaget
Samlaget har arbeidt fram ein avtale på ei softshell-jakke som dei tilbyr alle medlemane. Det er ei tidlaus jakke i svart som har påsydd logo for Søre Sunnmøre. Denne logoen er bevisst holdt forholdsvis liten, slik at jakka kan brukast til dagleg, også utanom skytestemner. Skyttarlagslogo bak. Prisen er kr 650,- og fristen er 10 april. Fleire opplysningar får du av Rolf Henning Hide, det er også han som tek imot bestilling. Les meir.


2008-03-07

Ny pers på Robin med 243 poeng. Ungdomsutvalet gratulerer!!


2008-01-28
Samlaget byr inn til feltkurs 26-27 April
Påmeldingsfrist 15 mars.
Les innbydinga her.
Påmelding til formannen.


2008-02-27
Britt
SKYTESKULEN
Torsdag 28.02.08 er siste dag på skyteskulen for denne gang. Vi kjem til å ta kontakt med deltakarane når vi begynner på utebana i Sollidalen og avslutter kurset med skyting der. Det har vore ein engasjert gjeng som har møtt opp, mellom 16 - 20 stk på kvar trening. Vi minner om at vi fortsatt er på innandørsbana kvar torsdag framover frå kl. 18.00. Eg vil rette ei stor takk til Reidar, Sverre, Anita, Claude og Roger for kjempeinnsats desse vekene kurset har vore.


2008-02-26
Korrespondansetreffen 2008 9 skyttarar skaut denne tirsdag, og her er resultata : Mari Wallin 230 poeng - Trond Petter Lystad 237 p - Eirik Foldal 231 p - Robin Andre Grinde 239 p - Per Ulvestad 231 p - Sverre Lundestad 242 p - Kristoffer Vartdal 238 p - Claude Compagnon 204 p - Jannick Nerbøvik 246 p


2008-02-26
Formannen
Brøyting opp i Sollidalen Har snakka med Agnar Moe som vil brøyte opp enten onsdag eller torsdag denne veka. Nokre har spurt om mulegheita for å skyte inn til feltstemna i helga. Heimevernet skal ha ei slags øving ifrå torsdag til søndag, men dei skal bruke feltbana og muligens ein standplass til sanitetøving.


2008-02-24
Formannen
Aktivitetstøtte.
Sesongen er godt i gang, og det er ynskjeleg at laget har aktive skyttarar som deltek på skyttarstemne. Vil derfor minne om aktivitetstøtta som laget innførte i 2006, og som vart auka på årsmøtet i 2007. Denne støtta er på kr 1500,- Den får alle som deltek på minst 12 DFS stemner, av dei eit samlags, og eit landsdelkretsstemne eller landsstemne. Utbetaling i desember. Det er aktivitet som er grunnlaget for drifta av laget, og såleis fornuftig bruk av pengane. Så oppmodinga ifrå styret er :
Ver aktiv, ver med på skytestemner.


2008-02-23
Formannen
Klubbmesterskap miniatyr 2008 Enkel gjennomføring forrige tirsdag, naturleg ein del som ikkje kunne vere med ein sånn dag midt i veka, men 13 skyttarar stilte opp.
Les resultata her.


2008-02-20
Asbj
INNBYDING TIL FYLKESSTEMNET I FELT
Engesetdal og Skodje byd inn til Ldks i felt 13 april.
Påmelding frå 1. mars. NB! Vær tidleg ute, vi har ei veke på oss til å ta dei "beste" skytetidene
Les innbydinga her.


2008-02-11
Britt
Beskjed frå undomsleiaren
Veke 7 blir det ikkje skyteskule, torsdag 14.02.08. Vi startar oppatt torsdag 21.02.08.
Onsdag 07. februar hadde vi besøk av Sunnmørsposten. Det var ein elev frå Medialinja i Volda som tek på seg oppdrag for Sunnmørsposten. Og som dykk ser i avisa idag, er der eit fint innlegg frå Ungdomssamlinga.


2008-02-10
Asbj
God skyting av Robin Andre Grinde (R)
11-åringen kom på 3.plass med ny pers, 238 p i miniatyrstemnet på Hellesylt laurdag.
Robin har hatt ei flott utvikling i det siste og forbedra bestenoteringa frå 214 til 238 på 3 stemne. Gratulerer!


2008-02-06
Asbj
Korrespondansetreffen og Lagsmeisterskap
Vi skyt begge tirsdag 19/2.(NB Ny dato) Påmeldingfrist for korresponansetreffen er fredag 15/2.
Påmeldingsliste på miniatyrbana.


2008-02-05
Anita
JUNIOR/REKRUTT-SAMLING I ØRSTA
Søre Sunnmøre Skyttarsamlag byd inn til samling for junior/rekrutt, på skytebana i Ørsta frå kl 1800. Onsdag 6 februar. Program er som før.
Alle junior/rekrutt-skyttarar i samlaget er velkomne.


2008-02-03
Fin 7. plass til Anita på Fylkesstemnet.
Anita skaut 241 poeng og tok 7.plassen i klasse 3-5.
For dei andre deltakarane frå H&Ø vart det langt meir beskjedne plasseringar.
Les alle resultata her.


2008-01-30
Britt
SKYTESKULEN
No er vi komt godt i gang med skyteskulen. 20 stk meldte seg på, og alle har møtt opp så langt. Stor takk til Anita som plutseleg sto åleine med desse første dagen. Elles har vi god hjelp av Reidar, Sverre og Claude.
Deltakarar: Øyvind Sporstøl, Thoms Steinnes, Håvard Ryslett Follestad, Kenneth Ryslett Follestad, Simen Nystøyl Foldal, Eirik Otterlei, John Artan Robertsen, Jonas Fagerhol, Elias Skare, Iver Medina Welle, Emil Skaare Sætre, Jarle Andre Ølnes, Andreas Engeseth, Maria Spjutøy, Sunniva Engeseth, Jon Gudnasson, Martin Overvåg Eiken, Andreas Yndestad Aam, Jonas Breivik, Sjur Foldal Næss.
Vi gratulerer Thor Inge med klasseseier J på samlagsstemnet søndag 27.01, og gratulerer også Arthur Ose J, og Robin Andre Grinde ASP med innsatsen.
Kjempebra jobba!


2008-01-28

EIRIK SAMLAGSMEISTER I MINIATYR
Med gode 244 poeng var han 4 poeng føre nestemann på lista.
Kristoffer Vartdal vann klasse 2 med 338 poeng.
Sverre Lundestad vann V73 med 242 poeng
Thor Inge Grebstad vann Junior med 240 poeng.
Her er alle resultata.



2008-01-24
Skytetidene på fylkesstemnet Miniatyr er klare.


2008-01-14
Heimesiger i miniatyr.
Trond Petter vann kl 3-5 med 243 poeng, Eirik nr. 2 med 240 poeng.
Kristina vann kl. 2 med 243 poeng.
Les alle resultata her.



2008-01-02
Asbj.
INNBYDING TIL FYLKESSTEMNET 15m
Påmeldingsliste blir hengt opp på miniatyrbana. Frist for påmelding er 20. jan. Les innbydinga her.


2008-01-11
Britt
Vaktliste for Aspirantskytinga på tosdagane
Les den her.


2008-01-08
Formannen
MANNSKAPSLISTA TIL MINIATYRSTEMNET
Les den her.
Dei som evt. ikkje kan møte må gi beskjed snarast til Kjell, Tlf. 70069131.


2008-01-04
INNBYDING TIL MINIATYRSTEMNE 13/1-08
Les den her.


2007-12-30
Formannen
DELT SIGER I JULCUPEN
Julecupen vart avslutta i dag.
Les meir her.


2007-12-29
VAKTLISTA FOR 2008
Les den her.


2007-12-25
TERMINLISTA FOR 2008 Les den her.


2007-12-23

GOD JUL TIL MEDLEMMANE I HOVDEBYGDA OG ØRSTA SKYTTARLAG


2007-12-21
Britt
JULEHELSING FRÅ UNGDOMSFORMANNEN
Innandørssesongen er no godt igang, og det har gått jamt bra for ungdomane våre. På stemnet i Ørsta 11.11.07 var det med ein aspirant frå Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag, Maria Lovise Aarseth Vi ynskjer henne velkomen på laget! No når vi går inn i 2008, har vi nokre ungdomar som skifter klasse. Eirik Foldal og Kristina Foldal går over til seniorklassen. Thor Inge Grebstad og Arthur Ose blir juniorar. Ungdomsutvalet ynskjer desse lukke til i dei nye klassene. Det skal bli spanande å følge dei. Jannick Nerbøvik og Einar Brudevoll er eldre rekrutt eit år til. Siste onsdagen i november hadde vi ei ungdomssamling i Samlaget her i Ørsta. Dette skal vi fortsette med, så tid og stad for samling i januar 2008 blir satt opp seinare. Det er Ungdomsutvalget i Samlaget som tek seg av dettte. Vi i Ungdomsutvalget i H/Ø vil ynskje alle medlemar ei riktig God Jul og eit Godt Nytt år!


2007-12-15
asb
VARETELLING PÅ REMA 1000
Skyttarlaget skal også i år ta varetellinga på Rema 1000.
I år går tellinga på søndag den 30. desember, klokka 08.00.
I fjor møtte ca 20 personar opp. I år må vi være enda litt fleire,slik at oppdraget gjeng fort unna!



2007-12-10
Formannen
Romjulscupen 2007
Tradisjonen går vidare, vi set opp denne som siste åra. 5 skytestemner 5 dagar på rad på min. bana vår. Første skyting 2. juledag kl. 17.00. Dei 3 beste resultata tel, og uformell premieutdeling siste dagen. Ynskjer alle velkomne til eit godt alternativ til kake-eting ! Desse er satt opp som ansvarlege : 2. juledag : Asbjørn Foldal 3. juledag : Roger Steinnes 4. juledag : Kjell Foldal 5. juledag : Wictor Kolås 6. juledag : Trond Petter Lystad


2007-11-29
Jubileumsskrift Søre Sunnmøre Skyttarsamlag.
Det vart på ombodsmøtet og jubileumsfesten delt ut ein CD til alle laga som inneheld bilder og tekst ifrå historia til samlaget. Laila Haugen har gjort ein stor jobb med dette, og dei som vil låne, eller vil få kopiert eit eksemplar kan sei ifrå til leiaren.


2007-11-25
Onsdagsamling 28/11
Førstkomande onsdag har ungdomsutvalget i samlaget samling for rekrutt/junior på miniatyrbana i Ørsta. Alle aktuelle bør møte opp, for her er ekstra oppfølging med kyndig instruksjon.


2007-11-25
Krinsstemne på Vartdal.
Vartdal skyttarlag arrangerer krinsstemne i miniatyrskyting søndag 2. desember. Første lag kl 10. 00 og kvar time utover dagen


2007-11-12
Her er vaktlista.for tirsdag og torsdag fram til jul
Her er ungdomsutvalet si vaktliste.


2007-11-12
Resultata frå miniatyrstemnet 11/11-07 Les her.


2007-11-08
Sverre og Reidar æresmedlemar i laget
Les meir.


2007-11-08
Nyvalgt Ungdomsformann Britt Sandvik ønsker alle nye skyttere velkomne til aspirantskyting på torsdagane.
-Eg ser fram til å føre vidare den gode jobben som har vore lagt ned i denne gruppa dei siste åra, seier Sandvik i en kommentar!


2007-11-06
Dugnadsliste til miniatyrstemnet 11/11
Les den her.


2007-11-06
Les årsmeldingane for 2007 her
Årsmeldinga til hovudlaget.
Ungdomsutvalet si Årsmelding.


2007-10-02
Dugnad i Sollidalen - Miniatyrsesongen startar opp att
Laurdag 6. oktober tek vi ein liten dugnad i Sollidalen for å "stenge ned" anlegget for vinteren. Skivene skal takast ned, monitorane må fraktast til min.bana. Kjøkkenet skal tømast, her er bl.a mange bruskasser etter landsdelkretsstemnet (felles med Volda) Sikkert forskjellig å rydde også. Vi må også ta kantslått på vegen opp, men det får vi ta ein dag seinare saman med dei andre laga. Eg har ikkje fått respons med kommune/Mesta for å ta dette maskinelt. Dersom nokon har bensindriven kantklippar så sei ifrå. Vi møter opp kl. 14.00
Tirsdag 9. oktober kl 18.00 startar vi opp att sesongen på miniatyrbana. Vaktliste kjem seinare. Vel møtt!


2007-09-25
Lagsmeisterskap
Litt laber deltaking på klubbmeisterskapet i Sollidalen laurdag.
100m Kl. ER: 1: Arthur Ose 238, 2 Einar Brudevoll 238 Kl. V65 1: Reidar Øye 245
200m
Kl. 5, 1:Trond Petter Lystad 332, Kl. 4, 1: Anita Lystad 326 2: Mari Wallin 321, Kl. 3, 1: Arnstein Ose 315 Kl. 2, 1: Kristoffer Vartdal 318
Beste resultatet hadde Eirik Foldal som debuterte på 200m med 333 poeng


2007-09-24
Resultat frå Dugleiksmerkeskytinga
200m
Trond Petter 242 poeng, Eirik 242 poeng (kl.3-5 prgr.), Anita 235 poeng, Mari 231 poeng, Arnstein 227 poeng, Kristoffer 227 poeng
100m
Reidar 245 poeng, Arthur 239 poeng, Einar 238 poeng.


2007-09-15
formannen
Dugleiksmerkeskyting - Lagsmeisterskap 2007
Neste laurdag 22.september kl 14.00 gjennomfører vi begge desse skytingane. Skyteprogram dugleiksmerke kl 3-5 er 5 stå 3 min, 5 kne 2 min, 5 kne 2min, 10 ligg 2 min. Dersom nokon ikkje har anledning til å skyte dugleiksmerke denne dagen, så kan dei gjere det laurdag 15. september. Nokre av medlemane kjem til å skyte ca kl 15.00.


2007-09-10
asbj

FORMANNEN ER 50 ÅR !
Gratulerer med dagen frå alle i Hovdebygda og Ørsta skyttarlag



2007-09-03
formannen
Rekneskapet for paviljongen.
Alle rekningane på paviljongen er no komt fram, og kasseraren la fram tal som viser at vi har treft godt med budsjetteringa. Det var på 140 000,- og endeleg sum vart rundt 143 000,- kroner.


2007-08-30
formannen
Flagg i Sollidalen
Viser til innlegg i Møre Nytt der det blir klaga på at skyting skjer utan at flagget er oppe. Vi må berre informere om at den som er ferdig på våre standplassar ikkje må ta ned flagget dersom der er folk på lerduebana eller pistolbana. Denne eine flaggstanga gjeld for all form for skyting i Sollidalen. Når det gjeld småstengene med blåse i, så er ikkje den varslinga særleg mykje å lite på , pistolklubben har heller ikkje slik stang i det heile teke.


2007-08-26
FYLKESCUPINALEN 2007
Hovdebygda/Ørsta stiller med dette jr/R-laget: Arthur Ose, Einar Brudevoll, Thor Inge Grebstad, Eirik Foldal
Her er seniorlaget: Mari Wallin, Wictor Kolås, Anita Lystad, Trond Petter Lystad.


2007-07-09

KJEMPESKYTING AV THOR INGE OG EIRIK
Midt-Norsk på Rissa vart eit jubelstemne for dei 2 ivrigaste ungdomsskyttarane i laget.
Thor Inge vann felten i ER med 42/37 og tok 2.plassen på bane med 350 og 8 inner i finalen.
Eirik vann baneskytinga som einaste junior med 350, også han med 8 inner i finalen.
Les alle resultata her.
Torill skaut godt på felt og 39/11 heldt til 37.plass.
Anita tok ein fin 16.plass i felthurtig med 10,94


2007-06-21
formannen
Landsdelkretsstemne vel overstått.


Leiaren vil på vegne av styret takke mykje til alle som gjorde til at stemnet vart så godt avvikla. Godt rutinerte medlemar gjorde sitt for det, men også nye. Vi har gjort eit "funn" med Mari som god standplassleiar, fleire kommenterte det. Alle funksjonar ifrå parkering til påmelding, data, standplass, kjøkken og resultatservice vart utført på ein svært god måte. Lars Indreiten hadde snakka med folk på ferga på heimreisa, og han har veldig gode tilbakemeldingar. Godt jobba !


2007-06-20
asb
Skytetidene på Midt-Norsk er klare.
Sjekk her.


2007-06-13
Ny og justert mannskapsliste
Les den her.


2007-06-13
Kaker til landsdelkretsstemnet.
Vi oppmodar alle husstandar om å levere ei kake til kiosksalget laurdag. Det er på desse vi har største matinntektene. Det er ikkje satt nokon fordeling for å sikre at vi får både runde kaker og skuffekaker, men kanskje vi kan prøve ut denne fordelingsnøkkelen : Dei som har ettermamn som startar på bokstav A - O leverer runde kaker, og dei med etternamn P - Å leverer skuffekaker ? Det einaste eg veit er at her i huset blir det laga ei Vesterålens beste.


2007-06-05
Formannen
Lagsdrakter
Vi har fått inn nokre få drakter av siste typen som skal selgast for berre kr. 250,- pr sett. Farge grå/svart med gul dekor. Div størrelsar. Bra å ha på landskyttarstemnet o.a. Kontakt Kjell Foldal.


2007-06-05
formannen
God oppslutning om landskyttarstemnet.
Fristen er no ute, og 15 skyttarar er påmelde. Det er : Einar Brudevoll, Sverre Lundestad, Arthur Ose, Arnstein Ose, Eirik Foldal, Thor Inge Grebstad, Wictor Kolås, Trond Petter Lystad, Per Ulvestad, Mari Wallin, Anita Lystad, Torill Lystad, Magne Riise, Kristina Foldal, Janette Ulvestad.


2007-06-04
Innbyding til Gylmyrstemnet Engesetdal-Skodje skyttarlag inviterer til årets Gylsmyrstemne i baneskyting lørdag 23. og søndag 24. juni 07 fra kl.11.00. Stemnet er dobbeltstemne samman med Ørskog. Innbydinga.


2007-06-03
asb
118 deltakarar på Sollidalsstemnet
Stemnet vart avvikla i strålande ver med god deltaking.
Dei beste lokale plasseringane: Anita Lystad vann kl. 4 - Per Ulvestad vann kl. 3 - Eirik Foldal vann kl Junior
Sjekk resultata her. (her er det lita skrift, leit fram brillene med ein gong)


2007-06-01
asb
INNBYDING TIL MIDT-NORSK
Midt-Norsk Meisterskap i bane og feltskyting går i år i Rissa.
Les innbydinga her.


2007-05-22
Formannen
Opning paviljong.
Fredag 25 mai kl 18.00 tek vi ein uformell opning av paviljongen. Stig Petter har laga ein stor grill i rustfritt stål som skal stå der fast. Ta sjølve med grillmat. Blir det dårleg ver så bryr vi oss ikkje med det, kler oss heller godt. Det blir kjøpt inn ein stor gassdriven terrassevarmar hjelper oss å halde varmen.
Vi vil ikkje vente så lenge at knotten tek fullstendig over, klekkinga er så smått igang. Det kjem ein representant ifrå Sparebank 1 for å klippe snor og vi har bode inn lokalavisene..


2007-05-17
Formannen
17 mai
Det var gledeleg stor oppslutning i folketoget, vi talde opp 20 medlemar. Dette er positivt for å vise fram laget, og eit godt innslag i toget. Dette må vere starten på ein ny tradisjon.


2007-05-09
Formannen
17 MAI
Det nærmar seg 17 mai, og i år skal Skyttarlaget stille i folketoget. Britt held på å lage eit lite banner av lerret, og vi skal ta med eit par-tre blinkar. Dei som har lagsdrakt kan bruke den. Kanskje vil nokre av rekrutt/juniorane avtale å stille i skyttarjakke og skyttarhue ? Det er kjekt med litt liv i toget. Det er viktig at alle stiller opp. Oppstilling er på Ørsta Stadion litt før kl 15,00


2007-05-12
PÅMELDINGSFRIST 5. JUNI

Dei som skal skyte på LS i Steinkjer må melde frå til Kjell så snart som mogeleg.
Sjekk påmeldingssida til LS her.

Du kan også melde deg på her:

Namn:

Klasse:

M-K-L-A-N (medalje, kvinne, links, Aftenposten, Norma):





2007-05-06
formannen
VAKTLISTER FOR TRENINGANE I SOLLIDALEN
Her er lista for fredag og laurdag.
Og her er vaktlista for aspirantskytinga på tirsdagane.


2007-04-29
asb
SNART TETT TAK PÅ PAVILJONGEN

Roger reknar med at trodet er ferdig lagt i løpet av veke 18. Deretter er det klart for å legge papp på taket.
Det vert meldt om fin dugnadsinnsats med godt oppmøte frå pistolklubben og jeger/fisk i tillegg til skyttarlaga.


2007-04-25
asb
INSTRUKSJONSKVELD I SOLLIDALEN

God instruksjon av Anita Lystad og Rolf Henning Hide gav verdifull kunnskap til dei rekruteringsskyttarane som møtte opp.
Neste samling blir på Lilleeidet i mai.


2007-04-18
formannen
TRENING FOR JEGERAR PÅ DAGTID
Reidar melder at det også i år vert øvingskyting for hjortejegarar på dagtid. Det blir skyting kvar onsdag
kl. 10.00 til 12.00 ifrå 2.mai til 27 juni og så på igjen etter ferien 1. august til 5. september.


2007-04-22
asb
RESULTATA FRÅ SOLLIDALSFELTEN
Dei beste plasseringane våre:
Per Ulvestad nr. 3 i kl 2-5 + V55 med 28/11
Torill Lystad nr. 5 i same klasse med 27/12
Eirik Foldal nr. 1 i kl Junior med 30/22
Sjekk resultata her.


2007-04-20
asb
RESULTATA FRÅ KORRESPONDANSETREFFEN
Sjekk resultata på Flesberg skytterlag si side.


2007-04-17
asb
Fin 3. plass til Eirik
på Landsdelskretsstemnet i Felt
Thor Inge fekk 8 plass i ER
Anita best av seniorane med finale og 19. plass.
Sjekk alle resultata her.


2007-04-09
asb
Skytetidene på LKDS-Felt
Eirik og Thor-Inge: kl. 11.20
Mari, Trond Petter, Torill og Anita: kl. 11.00


2007-03-31
Formannen orienterer om treninga etter påske
Les og vert klok.


2007-03-25
asb
GODE PLASSERINGAR PÅ SAMLAGSSTEMNET
Det vart flotte plasseringar på H/Ø-skyttarane på samlagsstemnet i felt som Fiskå arrangerte søndag.
Mari Wallin fekk 2. plass i kl. 2-5 medan Anita Lystad tok 3.plassen. Eirik Foldal vann Junior og Thor Inge Grebstad vann Eldre rekrutt.
Komplett resultatliste kan du lese her så snart den er klar.


2007-03-08
asb
INNBYDELSE TIL LANDSDELSKRETSTEMNE I FELT 15 APRIL. ARR. RAUMA SKYTTERLAG.
Les innbydinga her.
Påmelding til Asbjørn før 29 mars.


2007-03-22
SKYTESKULEN GÅR VIDARE

Sjå bilda her.


2007-03-19
Her kan du leseMannskapsliste til landsdelskretsstemnet.


2007-03-16
DAG 2 AV SKYTESKULEN
Ungdomsformannen informerer:
Dag 2 er då histore for deltakarane på årets skyteskule.Denne dagen fekk elevane starte med og skyte. (Det e no det so e kjekkast!)Hoved instruktør for skytinga var idag Sverre Lundestad,godt hjelpa av Claude,Britt og Reidar.Det vart terpa på avtrekk,sikting og sikkerheit på standplass.Etter 25 skot fekk deltakarane ei pause, med brus.Etter dette var det teori med Redar.Hovedsaka då var sikting og korleis en kan justere det for og skyte i sentrum.Det vart og snakka om korfør treffpunkt flyttar på seg, og kva en kan gjere med det.Etter teorien,fekk elevane skyte noken skot til for og prøve ut teorien.


2007-03-09
asb
UNGDOMSFORMANNEN RAPPORTERER FRÅ SKYTESKULEN:
Årets skyteskule er nå igang. Dei 5 førehandspåmeldte møtte opp, med klart mål om og bli gode skyttarar. Den dyktige teorisjefen, Reidar Øye tok som første sekvens for seg sikkerheit med våpen,våpenbruk, samt litt om korleis en skal bruke siktemiddel.Teoridelen vart avslutta med ein liten gjennomgang korleis DFS er oppbygdt og ned til kvar enkelt skyttarlag.Elevane vart deretter geleida til standplass der liggestilling og sikting igjen vart terpa på. Skyttarane fekk der etter skyte 5x5 skot kvar.Dette under kyndig veiledning av Reidar, Sverre,Torild,Stig-Petter,Britt og Roger. Alt ialt ei velykka opning av årets Skyteskule.


2007-03-04
asb
SKYTESKULEN STARTAR TORSDAG 8/3
Årets skyteskule startar no opp. Det er ennå ledige plassar for ungdom som er interesserte i å ha skyting som hobby.


2007-02-27
asb
KORRESPONDANSETREFFEN 07
Fredag 2 mars skal vi skyte korresponseskyting kl. 18.00
Dei som ikkje kan møte denne dagen skyt neste fredag.


2007-02-23
TROND PETTER KLUBBMEISTER I MINIATYR 2007
Trond Petter skaut 243 poeng og tok ein klar førsteplass føre Anita med 238 poeng.
Rune Hovde sikra 3.plassen med 235, 3 innertreff føre Per Ulvestad på same poengsum.
Les resultatlista her.


2007-02-22
asb
LAGSMEISTERSKAPEN ER IGANG
Det var på førehand knytta stor spenning til duellen mellom formannen og ungdomsformannen i klasse 1. Sjølv om Kjell presterte opp mot sitt beste med 238 poeng feia Roger all tvil til side om kven som rular i kl. 1.
Med 243 poeng sette han ny pers og sikra sannsynlegvis pokalen i klassen.

Øvrige resultat:
Kristina 237, Eirik 246, Sverre 245, Mari 226, Anita 236, Jon Kåre 216
Fullstendige resultat etter skytinga fredag.


2007-02-18
asb
LAGSMEISTERSKAP MINIATYR
Torsdag 22/2 og fredag 23/2 blir det lagsmeisterskap i miniatyr. Begge dagar kl. 18.00.
Formannen lovar flott premiering til rekruttane.
Les innbydinga her.


2007-02-18
Resultata frå miniatyrstemnet.
Sidan det har blitt dårleg med publisering av resultata frå stemnet vårt både på skyting.net og i avisene kan du lese dei her.


2007-02-04
FYLKESMEISTER I MINIATYR
Eirik skaut 250 med 17 inner og vann juniorklassen i fylkesmeisterskapen i helga.

Roger Steinnes tok ein flott 2. plass i klasse 1 med 237 p
Thor Inge fekk 4. plass i ER med 246 p.
Dette var dei beste plasseringane for skyttarane våre. Komplette resultat ligg her.


2007-01-28
SAMLAGSMEISTERSKAP 07 FOR SØRE SUNNM.
Samlagsmeister Jan Vidar Ulvestad med knallgode 247.



Meister vart også Eirik Foldal i juniorklassen, 247 poeng.
Det same vart Thor Inge Grebstad i ER med 249 poeng.
Hovdebygda/Ørsta vann lagskytinga j/r med 296 poeng. Her skaut Jan Ove, Thor Inge og Jannick.
Seniorane vann også lagskytinga med 288 poeng.

Elles vann Roger Steinnes soleklart kl. 1 med 245 poeng. Kansje på tide at denne karen satsar litt seriøst?


2007-01-21
asb
STEMNE PÅ ØRSKOG OG ENGESETDAL/SKODJE
OG EIDBYGDA.


Dobbeltsiger til Thor Inge med 246 og 243 poeng.
Siger til Eirik i Engesetdalen med 247 poeng.
6. plass til Jannick Nerbøvik på Ørskog med 242 poeng.
Komplette resultat på www.skyting.net
Jan Ove Steinnes med ny pers som juniorskyttar; 246 poeng i Eidsbygda.


2007-01-22
formannen
4H skal skyte på min.bana vår onsdag 24 januar
Vi fekk førespørsel ifrå leiaren i 4H at dei var interessert i å prøve å skyte. Dei er 15-20 medlemar som skal ha forskjellige aktivitetar. Dette er med å understreke den oppfatninga vi har om at folk har ei positiv innstilling til skytesporten.
Torill, Anita, Kristina og Stig Petter har teke på seg å instruere dei.


2007-01-14
asb
Det har vore ei travel skytehelg
Dei ivrigaste av skyttarane våre har delteke på minst 4 miniatyrstemne.
Beste plasseringane fekk Thor Inge i Syvdestemnet, 250 p og 1. plass og Trond Petter som vann i Velledalen med sterke 245 p.
Svært gledelig at heile 8 seniorskyttarar frå H&Ø deltok på Rovde og i Syvden.
Fullstendige resultat ligg som vanleg på www.skyting.net


2007-01-08
asb
****ADVARSEL****
Etter at det skjedde ei ulykke under skyting (heldigvis utan store personskader) no i helga ber vi om at alle som har kal. 22 ammo av typen SK Standard, lot.nr. 19441 / 13313 om å levere den til Reidar for bytting snarast.
Lot.nr står på enden av pakken, sjå biletet under.



2007-01-07
asb
SIGER TIL KRISTINA OG TROND PETTER I BJØRGE SITT MINIATYRSTEMNE 7/1

>


Kristina tok sin første siger i eit ope stemne i helga. Med gode 247 poeng tukta ho alle i juniorklassen.
I seniorklassen skaut Trond Petter 242 poeng og tok heim sigeren eitt poeng føre Arve Halsteinslid og Ole Arild Aa.
Jannick Nerbøvik debuterte i ER og tok likegodt 3. plassen. BRA!
Komplett resultatliste.


2007-01-05
asb
BILDE FRÅ JULECUPEN 2006


Deltakarane på cupen.


"Dette er mi beste skive" seier den stolte vinnaren i Seniorklassen, Torill Lystad


2007-01-01
Nyeformannen ynskjer å takke alle som stilte på vareteljing hos REMA 1000 på nyttårsafta.
Tusen takk også til REMA1000-sjef Hermann Vatne som var raus betalinga.



2007-01-01
nyef
Oppmoding ifrå nyeformannen:
Kan alle skyttarar som har e-postadresse ver så venleg å sende den til meg. Eg har nokre, men skulle gjerne hatt alle sine. Det er så praktisk ( og rimeleg )å sende enkelte type beskjedar på den måten. No sist er det vaktlista som skal distribuerast.
Send til: kjell.foldal@tussa.com


2007-01-01
asb
VAKTLISTE FOR 2007
Sjekk Vakt og vaskelista for 2007.
Ungdomsutvalet si vaktliste for torsdagane.


2006-12-30
SIGER TIL TORILL LYSTAD I JULECUPEN
Torill Lystad hadde kontroll på nervane og halte i land sigeren i julecupen med 4 poengs forsprang til Rune Hovde på 2. plass. Anita Lystad sikra 3. plassen føre Wictor Kolås. Trond Petter Lystad stod for dagens beste resultat, 245. Men uten respitt er det vanskeleg å hamle opp med 4. klassingane.
5. plassen vart overaskande okkupert av Roger Steinnes.Sjekk sluttresultata her.
I junior/rekrutt var resultatet klart etter 4 skyting. Eirik Foldal tok sigeren 5 poeng føre Jan Ove Steinnes. Kristina Foldal kom på 3 plass. Sjekk junior/rekruttresultata her.


2006-12-28
asb
SJEKK RESULTATA I JULECUPEN ETTER 4 SKYTINGAR
Etter 4. skyting har stillinga i toppen endra seg. Torill ledar no 2 poeng føre Rune. Bak nærmar Anita seg faretruande. Etter kjempeskyting med 289 på 30 ståande, ligg ho berre 6 poeng bak Rune.
Rett bak tettrioen lurer Trond Petter og Wictor som begge kan blande seg i medaljekampen med eit godt resultat siste dagen.
Sjekk seniorresultata her.
I junior/rekrutt synes alt å være avgjort før siste skyting. Med kun 3 vekke og 5 i respitt synes det vanskelig å ta seieren frå Eirik sjølv om Jan Ove gir alt på siste skyting.
Resultata for Junior/rekrutt finn du her.


2006-12-28

Her er link til påmeldigsside for Bjørge og Hildre/Brattvåg sine stemne 6. og 7. januar.




2006-12-16
JULECUPEN 2006
Skyttarlaget inviterer også i år til den tradisjonsrike julecupen som går over 5 dagar.
1. skyting er 26. desember kl. 17.00.
Påmelding på bana.
Gedigen premiering.




2006-11-27
asb
God skyting i Langevåg
I rekruttklassa skaut Einar 245 poeng og enda på 3.plass. Jannick greidde 243 og tok 4.plassen. Thor Inge fekk 4. plass med 245 medan Eirik skaut 249 og fekk delt 3.plass.
Her er dei komplette resultata..


2006-11-27
asb
Flott skyting av H/Ø-skyttarane i Volda sitt jubileumsstemne.
Dobbeltsiger til Trond Petter og Anita i kl 2-5. Eirik fekk delt 1.plass i junior, medan Jannick vann kl. rekrutt.
Sjå alle resultata her.


2006-09-22
asb
HER ER VAKTLISTENE FOR 06/07
Vakt og vaskeliste for tirsdag og fredag.
Ungdomsutvalet si vaktliste for torsdagane.


2006-11-12
asb
GODE RESULTAT TIL H/Ø-SKYTTARANE PÅ MINIATYRSTEMNET VÅRT

Jan Vidar Ulvestad vann stemnet med 241 poeng, Torill Lystad vann klasse 4 med 237 poeng, Eirik Foldal vann klasse Junior med 248 poeng, Einar Brudevoll vann klasse Rekrutt med 245 poeng, Sverre Lundestad vann klasse V73 med 240 poeng
Les den komplette resultatlista her.
Det er også verdt å merke seg resultatet til nyeformannen. Med lånte skyteklede, lånt børse og utan å ha trena på 23,5 år skaut han 229 poeng i klasse 1.


2006-11-12
asb
KORT REFERAT FRÅ ÅRSMØTET
Les kortversjonen av årsmøtereferatet her.
ÅRSMELDINGA FRÅ UNGDOMSUTVALET
kan du lese her.


2006-10-29
asb
Kjell Foldal ny formann i skyttarlaget.
Her er det nye styret: Kjell Foldal, formann, Olav Johan Lystad, styremedlem, Wictor Kolås, styremedlem, Sverre Lundestad, styremedlem, Claude Compagnon, styremedlem, Roger Steinnes, ungdomsleiar.



2006-10-07
skrivaren
STYREMØTE 6 OKT.
Les referatet frå siste styremøte i Sollidalen.


2006-09-25
skrivaren
REFERAT FRÅ STYREMØTET 19/9
Les lightversjonen her.


2006-09-03
asb
Hovdebygda/Ørsta vann Fylkescupfinalen jr/rekrutt
På fjerde forsøket vann endeleg ungdommane i Hovdebygda/Ørsta fylkescupfinalen. Vi har representert Søre Sunnmøre 4 år på rad og endeleg lykkast vi å stille eit lag som var sterkt nok til seier.
Einar Brudevoll 344 poeng, Kristina Foldal 345 poeng, Thor Inge Grebstad 348 poeng og Eirik Foldal 349 poeng. Tilsaman 1386 poeng, 1 poeng føre Aspøy og Straumsnes frå Nordmør.
GRATULERER !
(Seniorlaget kom på 4. plass)


2006-07-17
asb
SOLLIDALSSTEMNET 2006
Jan Vidar Ulvestad drog til med 344 og 3.plass. Kjempeskyting av Jan Vidar som skaut sitt første banestemne for sesongen!
Det deltok 100 skyttarar på årets Sollidalsstemne, litt under det vi hadde håpa på, men nok til at det er godkjent.



2006-07-10
asb
Midt-Norsk 2006 på Reinsfjell
Jan Ove stod for den beste individuelle prestasjonen med 2.plass i felt. Sterkt resultat i den tøffe ER-klassen.
I samlagsskyting for rek/jun tok Søre Sunnmøre 1.plassen med kjempesterke 400 poeng. Eirik og Jan Ove var med på laget.
Resultata frå Midt-Norsk finn du her.
Det må også nemnast at Torill Lystad fekk 5.plass i U20


2006-07-06
skrivaren
Referat frå siste styremøte ligg under styre i menyen til venstre


2006-06-26
asb
Einar Brudevoll med 2.plass på Haugen
Kjempeskyting av Einar som slo til med sterke 348, ny pers. I Eidsbygda tok han 3 plass med 340. Håkon Sætre tok ein fin 4 plass på Haugen med 344.
Husk på at desse karane skyt med kal .22
I V73 fekk Sverre Lundestad to sterke 2.plassar med 345 som beste poengsum.
345 og 3.plass til Reidar Øye i V65 i Eidsbygda er sterkt. Med nye briller og litt stemnetrening har denne karen heilt klart potensiale.
Vi må også nemne gamleformannen som slo til med 337, nok eit bevis på at trening ikkje løner seg.


2006-05-27
asb
MIDT-NORSK MEISTERSKAP, 6-9 juli
Dei som skal delta på Midt-Norsk meisterskap (arr.: Reinsfjell skl, Torvikbukt) må melde frå til Asbjørn snarast. Siste frist for påmeldinga er 14. juni.
Sjå innbydinga her
Minner også om at dei som er så ambisiøse at dei vil skyte finale må ordne med overnatting.


2006-05-29
asb
SKYTINGENS DAG vel gjennomført
63 deltakande på skytingens dag er omtrent som forventa og opp mot det vi har kapasitet på utan at ventetidene blir altfor lange. Avviklinga gjekk fint bortsett frå at ei av skivene fekk avskote ein kabel og vart sett ut av drift.
Nesten heile styret var i aksjon og det er verdt å merke seg at både formannen og nestformannen kom eit stykke ned på lista. Her er resultata frå den prestisjetunge styretevlinga:
1: Asbjørn 137 poeng, 2: Kjell 136 poeng, 3: Wictor 133 poeng 4: Olav Johan 131 poeng, 5: Claude 122 poeng
Vi vil også nemne standplassleiaren Roger, som med 139 poeng var den beste, men han tel ikkje desverre ikkje med i denne tevlinga.


2006-05-16
asb
VAKTLISTE FOR TRENINGSDAGANE 2006.
Vaktlista for dei vanlege treningsdagane i Sollidalen er klar. Tirsdag er den faste dagen for aspirantar og rekruttar.
Dersom oppsett dag ikkje passar er det opp til kvar enkelt å byte dag. Det er VIKTIG at det alltid er godkjent standplassleiar til stades på kvar skyting
Sjå vaktlista her.


2006-05-16
Gamle F.
SJÅ NYTT PÅ STYRESIDA
Der blir lagt ut stoff på andre sider en berre på startsida så hald dokke oppdatert.


2006-05-14
Jeger Gr.
VAKTLISTE FOR STORVILT PRØVA 2006.
Her er vakt lista for jeger kveldane i 2006. Finn namne ditt å sett eit kryss i kalenderen, kan du ikkje møte husk å gi beskjed. HUSK der er nokon som ventar på deg i Sollidalen.
Sjå vaktlista her.


2006-04-24
asb
BRA RESULTAT PÅ EIDE,
Men bussturen gjekk ikkje heilt som planlagt.

3. plass til Jan Ove i Eldre rekrutt og Torill Lystad som vart beste skyttar under 20 år vart dei to beste plasseringane på Landsdelkretsstemnet på Eide søndag. Elles vart det 4 plass til Eirik og kjempefin 10. plass til Kristina i junior. Sjå resultata her.
Elles oppstod det lettare panikk blant skyttarane då bussjåføren (namnet vert foreløpig halde hemmeleg) hadde kasta bort nøkkelen. Transporten ordna seg likevel på ein grei måte.


2006-04-12
Formannen
Stipend til Eirik Foldal.
Som ein av fire fekk Eirik Foldal kr. 25 000,- i stipend, frå Volda og Ørsta Sparebank. Stipendet er gitt slik at unge kanl få vidareutvike talentet sitt, innan den grein dei satsar på.
Styret i laget gratulerer.


2006-04-03
Formannen
Samlagsstemet felt 2006-04-03.
Styret takkar alle frå laget, som var med å arrangere samlagsstemet i felt 2. april i Sollidalen.
Vi veit at mange var over 20 timar på dugnad sist helg.
Det er styret takksame for.
Å nemne nokre spesielt er ikkje lurt, men innsatsen var stor både før, under og etter stemnet.
Vi takkar også dei frå samlaget som stod for premiutdelinga.
Ørsta 3.april 2006.
Styret i
Hovdebygda og Ørsta skyttarlag


2006-01-10
Gamle F.
ÅRSMELDINGA 2005.
Her er årsmeldinga for 2005.
Les årsmeldinga for 2005 her.


2005-06-05
Formannen
RESULTAT KRINSSTEMNE BANE 2005
Krinsstemne og organisasjonsskytinga var arrangert i Aldalen av Hjartåbygda skyttarlag 4 juni.
Sjå resultata her.


2005-04-04
Formannen
Vi gratulerer Arnstein Ose med samlagstittelen i felt for Søre Sunnmøre 2005. Eirik Foldal vann klassa ER. Øystein Lund vann klasse AG3. Elles så var det god skyting på mange av skyttarane våre. Rekrutt skyttarane vann lagskytinga og.
Sjå resultata frå stemnt her.


2005-03-14
Jon Tore
Her er resultatet frå lagsmeisterskapet i miniatyr 2005.


2004-03-23
Jon Tore
Til alle som er interessert i informasjon på e-post frå skyttarlaget vær vennleg og legg inn e-post adressa di under aktivitets kalenderen. Informasjonen du kan få tilsendt på e-post kan være alt frå skytetider, aktivitetar, innkallinger til årsmøte osv. Du kan når som held melde deg ut av denne e-post lista viss du ikkje vil ha fleire e-postar frå oss.



© Copyrights 2004
Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag.
E-post.